LEIAR I NAUSTDAL BONDELAG: Tor Arne Herstad.

 

- Dagen gjekk over all forventning, mykje folk og sol er kjekt å sjå.

Tor Arne Herstad fortel at Open Gard er eit viktig arrangement, spesielt for barnefamiliar.

- Det er ikkje alle som veit kva bøndene driv med, difor er det bra at folk kjem seg ut og får sett korleis gardslivet er. 

Kva tilbakemeldingar har du fått i dag? 

- Alt har vore positivt, og det motiverar. 

 

- kjekt og travelt

FØRDE BYGDEKVINNELAG: Bjørg Vie.

 

- Det har vore mykje å gjere i dag. Sjølv har eg vore på kjøkkenet å laga røre og steikt kaker. 

Bjørg Vie har vore med på arrangementet så lenge det har eksistert, og fortel at det er like moro kvart år. 

- Ja, det er viktig for Bygdekvinnelaga å vera med. Me lagar mat, sel mat og kosar oss. I år var det dessutan strålande sol, det gjorde det heile ekstra kjekt. 

 

Ynskjer du sjå fleire bilder frå dagen? Då kan du klikke her. 

Dersom du vil lese kva folk synst om Open Gard på Mo, kan du klikke her.