Rovviltnemnda skriv i sine vurderingar førlgjande:  Sjølv om det ikkje er registrert familiegrupper i region 1, finst gaupe spreidd innafor regionen og skadepotensialet er stort i regionen. Sekretariatet vil rå til å halde fram med kvotefri jakt i heile regionen. Bestanden er liten, og det er i hovudsak streifande hanndyr som blir felt.  Uttaket vil uansett vere lågt og vil ha minimal innverknad på utviklinga i den nasjonale gaupebestanden.   Med bakgrunn i lover og forskrifter vedtok nemnda i møte i desember 2018 følgjande:

  1.  Rovviltnemnda opnar for kvotefri jakt på gaupe i heile Region 1 i 2019. Jakttid er 1.februar til 31. mars. For utøving av jakta gjeld reglane i viltlova med tilhøyrande forskrifter.
  2. Felling eller forsøk på felling skal så snart som råd meldast til Fylkesmannen. Felte dyr skal dessutan framsynast til Statens naturoppsyn for prøvetaking m.v. med opplysning om kjønn, alder, tidspunkt for felling og fellingsstad.
  3. Fangst av gaupe skal utøvast etisk forsvarleg og i samsvar med reglane for bruk av fangstreiskap. Bruk av fangstreiskap krev godkjenning frå Fylkesmannen.
  4. Rovviltnemnda kan til ein kvar tid gjere om vedtaket dersom ny informasjon ligg føre.