Morten Kjørstad, Rovdata Rovdata, er ein institusjon innan naturforskning, tilknytt NINA i Trondheim. Dei driv sjølv ikke innsamlingsarbeid av dokumantasjon om rovdyra i naturen, men analyserer og systematiserer innsamla materiale frå andre. Det er såleis viktig at alle som registrerer teikn til rovdyr eller rovdyrbytte,eller mistanke om rovdyr, varslar Rovdata, som vil kvalitetssikre og publisere dette vidare til statlege forvaltningsorgan, som SNO til dømes. DNA spor vert også innan dette fagfeltet meir og meir sentralt gjennom registreing av rovviltet si adferd. Rovdata plasserer seg elles fagleg midt mellom forskning og forvaltning.

 

Foredragstemaet til Morten Kjørstad hadde tilltelen "Status for dei store rovdyra i Sogn og Fjordane" der følgjande vart dokumentert:

Jerv: Registrert 5 hilokalitatar i fylket. 2 hi er tekne ut i 2011 og 1 i 2012. 24 observasjonar av jerv er sendt inn til nærmare analyse. Fire av fem registrerte jervar i fylket er tekne ut. Det er registrert 51 innraporterte jerveskade frå 2001. Ingen jerveskade innraportert så lagt i år.

Gaupe: Påvist 124 skade av gaupe. I år ei registrert gaupe i Sogndal og ei død gaupe i Stryn

Ulv: To ulvar truleg drepe sau i Luster i 2001.

Bjørn: Sidan 2006 er det innrapportet 24 skade av bjørn på bufe. Ikkje nokon skade i år. Ein registrert ein skoten bjørn i Sogndal 2008.

Det vart elles vist til kor lang trekkruta kan vere for rovviltet. Via DNA prøver dokumenterte Rovdata at ein hannbjørn vandra frå Trøndelag via Sogn til Telemark, ei strekning på 50 mil over ein treårsperiode.

Kjørstad oppfordra til slutt å bruke Rovdata si heimeside for å søke kunnskap og kompetanse om rovdyr. Mellom anna er der eit stort biletarkiv med  bilde av fotavtrykk til rovdyr. Heimesida kan også brukast til å innrapoprtere og kommunisere kring funn knytt til rovdyr.