Rovdyrforliket gjev såleis småfenæringa ei utfordring når det gjeld beite av husdyr i utmark. Dette formildla rådgjevar Finn Erlend Ødegår frå Norges Bondelag som foredragshaldar om rovdyrforvaltninga etter rovdyrforliket på Viltseminaret 2012 i Sogn og Fjordane.

Finn Erlend Ødegård

-Han grunngav først dette med Stortinget sitt vedtak om 20% auka norsk matproduksjon fram til 2030, med utgangspunkt i prognosar for eit folketall på 6 millionar. Det vert såleis viktig å vidareutvikle beitenæringa for småfe som ein del av dette målet. Sauenæringa omdannar naturleg grasvegetasjon i utmark til mat, og representerer ein samla verdi på 1 milliard. Gjennom beiting reduserer også sauenæringa attgroinga i fjell landskapet, som inneheld 15% av rødlisteartane, som er truga planteartar i fjellandskapet. Sauenæringa er såleis også ein faktor for naturmiljøet og naturmangfaldet.

- Han viste så til at konfliktnivået mellom vern av rovdyr og beitande husdyr har auka vesentleg frå Stortingsmelding om Rovdyr frå 1992, då rovdyrutfordringa på landsplan i hovudsak var knytt til Lierne i Trøndelag. Etter dette er det laga 4 Stortingsmeldingar på tema i tillegg til rovviltforliket. Dette syner at konfliktnivået mellom rovdyr og husdyr har auka på landsplan, der det har vore vanskeleg å finne fram til politiske og forvaltningsmessige vedtak og kompromiss mellom verneinteresser og husdyrinteresser. Stortingsmeldingane om rovdyr har såleis hatt ei virketid på 5 år, ei kort tid samanlikna med andre Stortingsmeldingar.

- Rovdyrforliket gjev mellom anna føringar om at det skal setjast konkrete bestandsmål for rovviltet forvalta av Rovviltregionar, der både Statens Naturoppsyn, grunneigarane og jakutøvarar kan ta del i forvaltning og avskyting av mellom anna uønska rovdyr gjennom lisens - og kvotejakt og der departementet kan gripe inn om bestandsmåla ikkje vert nådd. Rovvitregionane med rovviltnemndene skal styrkjast, med vonleg meir fagkompetanse og ikkje for meir partipolitisk profilering. Så langt er det ei spesiell utfordring for uttak av uønska jerv med bere 59% avskyting av lisensløyve, mens det for gaupe er målet om vedteke uttak nådd så langt. For bjørn og ulv er det også etablert grunneigarstyrte fellingslag som ein del av forvaltninga.

- Det skal elles bli ei meir differensiert arealforvaltning, der noko areal skal vere rovdyrfritt. Anna areal skal  i større grad kunne ha meir husdyr, mens anna areal skal kunne ha meir rovdyr. Etablering av rovdyrsoner, eks. for ulv, er eit tiltak for dette. Sogn og Fjordane skal vere fritt for dei 4 store rovdyra, men det er ei utfordrig at grensefylket Oppland skal ha ei jevestamme med 4 ynglingar. I samband med dette er det til dømes registrert ei uønska jerveyngling i Sogn og Fjordane i 2012.

I dialogen med kursdeltakarane kom det fram at det i år er ei markbar betringar når det gjeld jerveskade på sau i indre Sogn grunna uttak av uønska jerv av Statens naturoppsyn.

Det årlege Viltseminart var det 16 på rad og var skipa til på Rica Sunnfjord Hotel 24-25 november og hadde tittelen "Smått, stort og rått - om småvilt, storvilt og rovvilt. Arrangør er NJFF Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Fylkesmannen, Sogn og Fjordane Skogeigarlag og Sogn og Fjordane Bondelag, der temaet veksla årleg mellom fisk og vilt.