Potetplukking var populærtKøyre- og rideklubben hadde tilbod til borna om rideturar, i tillegg til at dei stod for matsalet. Dei organiserte også ein natursti. Bygdekvinnelaget bakte flatbrød som smaksprøvar.  -Det er tydeleg at dyra trekkjer mest ungar til seg! Her var to svært tame geitekje, Molly og Petra, som ungane leidde rundt. Sau og lam, minigrisar og kattungar. Dei som ville fekk og gå inn i fjøsen, der var tre nyfødde kalvar i tillegg til alle kyrne som ikkje hadde kalva, og dei halvstore oksane.  Her var dewt mogeleg å hoppe i høyet, plukke poteter (og ta med heim), og demonstrasjon av lauving.  Eit variert tilbod for store og små, som storkosa seg mellom nokre få byger!

Vertskapet, Per og Marita Tistel, i lag med Lokallaget, kan vere godt fornøgd med arrangementet. Det var 200 par overtrekkssko til fjøsbruk, og dei var brukte, og ikkje alle var inn i fjøsen. Så over 200 personar var møtt fram i jordbruksbygda Vik, og det er flott avsluttar Flatjord.

Kontakt med dyr er viktig på Open Gard, også i Vik.