Utfordringane har vore mange so langt i år, og 2020 kjem nok til å gå inn i historiebøkene som eit annleis-år. Hjå Lærdal Grønt er dei godt i gang med poteter, hovudkål og blomkål, og dei merkar at det ikkje er eit normal år her heller.

- Det har vore litt treig marknad for poteter, men no byrjar det å løsne, seier Bøe. Årsaka til at det har gått sakte so langt er mellom anna at det ligg att ein del import-poteter som må ut og at storhushaldingsbransjen ikkje er på topp i år. - Ein merkar at hotell og storkjøkken ikkje er oppe og går på topp, men det er byrja å ta seg opp no. 

Poteter i lange baner. Foto: Per Hjermann

Av andre grønsaker går det i all hovudsk i hovudkål og bomkål for tida. Her har det vore ein bra marknad, men dei høge temperaturane gav ei ekstra utfordring. - Varmen gjorde at meir enn planlagt modna samtidig. Me såg at felt som var planta seinare tok igjen dei tidlegare planta felta, og dermed vart det mykje blomkål på ein gong. Men no som temeraturen har gått ned roar dette seg og det jamnar seg ut igjen, seier Bøe.

Dei reknar med å levere blomkål ut i september og poteter fram til månadskifte oktober. Gulerøttene kjem i slutten av juli, og i slutten av neste veke kjem bringebæra. Morellene byrjar ein å plukke i veke 29, før det tek seg opp i veke 30. - Me hadde håp om store avlingar på moreller, men det blir det nok ikkje. No ser me resultatet av dårleg ver. Men, sånn er det i landbruket, me styrer ikkje vêr og vind. Ein må berre gjere det beste ut av det vi har, og jammen har me mykje bra, seier Bøe.

- So blir det spanande å ta ei oppteljing på slutten av året og sjå korleis året faktisk vart. Håpet er at det skal lande på sånn cirka rundt fjoråret til slutt. I tillegg blir det spanande å sjå korleis dei norske turistane slår ut på forbruket i ulike delar av landet, seier Bøe.