Diplomen er teikna av Laila Garlid frå StrynRikard gav i si helsing etter tildelinga uttrykk for at han såg på prisen som ei anerkjenning for alt arbeidet som er gjort kring oppbygginga av Lærdal Grønt og den snuoperasjonen som den samla grøntnæringa har vore gjennom.  Her er mange som verkeleg er dyktige i denne næringa.

Rikard Lysne og Olaug Skjerdal overtok garden Sande på Lysne i Lærdal i 1988.  Sidan den gong har dei dreve garden med allsidige grøntproduksjon.  Dei driv både med potet, gulrot, lauk, moreller, bringebær i tunnel, jordbær til industri, solbær, stikkelsbær og rips til konsum.  I tillegg har dei eit lite prøvefelt med sprikos.  Ikkje noko småtteri med andre ord.  Dei leverer alle produkta sine gjennom Gartnerhallen.  Dei har gjennom alle år levert god kvalitet på produkta sine, og dei er svært flinke til å vere leveringsdyktige og halde avtalar.  Dette er ikkje alltid like lett med ustabile vertilhøve, men Rikard og Olaug fiksar også dette.  dei set i verk tiltak for å vere leveringsdyktige og varslar mottaka undervegs i sesongen dersom det vert endringar på grunn av vertilhøva.

Rikard og Olaug driv ein ryddig og moderne grøntbedrift, og dei har teke store investeringar både i teknisk utstyr, hus og felt.  Med slik stor og mangfaldig produksjon er dei avhengig av å ha dyktige tilsette i form av 12-15 sesongarbeidarar kvart år.  Desse kan dei tilby ryddige og gode fasilitetar då dei i 2011 saman med ein anna produsent kjøpte og pussa opp ein nedlagt barnehage til topp moderne husvære.  HMS er også ein naturleg del av drifta, og dei er begge medlemer i Landbrukets HMS teneste.

Med alle desse investeringane på eigen gard skulle ein tru at dei hadde brukt opp arbeidskapasiteten sin, men den gang ei.   Dei har lagt ned eit stort arbeid for lokalsamfunnet i Lærdal og grøntnæringa både i Lærdal og i fylket.  Rikasrd har gjennom mange år vore ein av dei sentrale personane i grøntmiljøet i Lærdal.  Han vart leiar av Frukt og potetlageret i 199 og var sentral i stiftinga av Lærdal Grønt same året.  Han har vore styreleiar i Lærdal Grønt i 12 av dei 13 åra sidan stiftinga og skal ha sin del av æra for at Lærdalsmiljøet har klart omstillingane frå den tida dei hadde eigen konservesfabrikk i bygda og store inntekter frå laksefiske, til i dag der ein i stor grad leverer varer gjennom Gartnerhallen til konsum.   i 2012 vil Lærdal Grønt passerer 50 millionar kroner i omsetning.  Olaug har vore aktiv i kommunestyret og Formannsskap i ein periode og ho har site i styret i Lærdal Bondelag i mange år.

Frå venstre: Leiar i juryen Reiel Felde, Rikard Lysne, Olaug Skjerdal og landbruksdirektør Christian Rekkedal

Rikard og Olaug er framtidsretta matprodusentar som nyttar mykje tid på innovasjon og utvikling, både på eigen gard og i lokalmiljøet.  Det er slike produsentar som desse som medverkar til at Sogn og Fjordane er blitt landet sitt største frukt- og bærfylke, avslutta ein tydeleg imponert juryleiar.