Representantskapsmøtet i Norges Bondelag tek til i dag
- Eg ser fram til nokon interessante dagar på Lillehammer, seier fylkesleiar Per Hilleren. - Vi skal sjølvsagt ha ein gjennomgang av årets jordbruksforhandlingar, men eg har tru til at mykje av innlegga og fokuset vil vere retta framover.
- Det vil vere viktig for organisasjonen og næringa at vi greier å sjå framover og legge føringar for det vidare arbeidet i organisasjonen seier ein engasjert fylkesleiar kort tid før representantskapsmøtet i organisasjonen tek til. Landbruket er ei næring som i svært sterk grad er avhengig av politisk styring gjennom tilstrekkelege økonomiske rammer, og det vil difor vere avgjerande at vi klarar å gjere eit godt arbeid fram for Stortingsvalet i 2013, held Hilleren fram.
I morgon startar årsmøtet i organisasjonen der Sogn og Fjordane Bondelag stiller med 7 utsendingar i tillegg til fylkesleiaren.
Kontakt: Per Hilleren, 476 07 532