Elles så er beiteskade grunn mykje hjort eit tema som medlemene og vi i styret er opptekne av held Rendedal fram. Årsmøtet vart halde på Nessane.  Møtet er mest truleg siste årsmøtet Balestrand held i Nessane, då Nessane går over til Høyanger etter års skifte.  

Nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Ole Bjarne Hovland representerte fylkeslaget i årsmøtet.  Han kan rapportere om ein leiar som gjennomførte årsmøtet med stø hånd.  Balestrand Bondelag hadde nytta mykje tid i samstyret for dei fire lokallaga i nye Sogndal kommune.  Samstyret har hatt møte både med administrasjonen og politikarar i Sogndal kommune.  I april arrangerte lokal laget kurs i varme arbeid il ag med landbruksrådgivinga med heile 40 deltakarar.   Dei har også skipa til vårkampanje og skulebesøk for 8 klassingar, samt  organisert container til ståloppsamling.   Med andre ord mykje godt arbeid seier Ole Bjarne Hovland.

Styret i Balestrand Bondelag 2019/2020: F.v. Renate Rendedal (leiar), Lars Arne Målsnes (nestleiar), Oddvin Kvamme (styremedlem) og Trygve Sværen (kasserar).