Renate Rendedal held fram som leiar i Balestrand Bondelag
- Det var eit knakande kjekt årsmøte i Balestrand Bondelag, seier fylkeslaget sin representant Kari Sigrun Lysne. Flott for medlemene at Renate Rendedal held fram som leiar, for ho er jammen flinke smiler Kari Sigrun.
- Da osar av entusiasme, pågangsmot og vilje til å tenke ut av "boksen" når Renate snakkar, held den oppglødde medlemen i fylkesstyret fram. Balestrand er eit lite lokalt Bondelag, i ein stor Sogndal kommune, som har ei viktig rolle å fylle lokalt for sine medlemer.
Frå årsmøtet i Balestrand Bondelag
Lokallaget jobbar med å organisere medlemsnyttige saker som innsamling av landbruksplast og metallavfall. På arbeidsplanen i haust står også ein koronavenleg utandørs sosal aktivitet for medlemene. Tur med Rib båt til nabobygda på andre sida av Sognefjorden; Ortnevik for å møte motorsagkunstnar Brekke og sjå på kveiteoppdrett i bygda :)
Balestrand bondelag planlegg også møte med ordførar og landbrukssjef i Sogndal kommune, og dei vil også gjere ein jobb for å verve fleire medlemer. Lukkast dei med dei planlagte aktivitetane vankar det godt utbyte frå fylkeslaget sine aktive lokallagsmidlar.
Styret i Balestrand Bondelag
- Leiar: Renate Rendedal
- Nestleiar: Lars arne Målsnes
- Kasserar: Kjell Trygve Sværen
- Sekretær: Oddvin Kvamme
- 1. vara: anders Tjugum
- Leiar i valnemnda: Jon Asbjørn Målsnes
Fylkeslaget ynskjer styret i Balestrand Bondelag til lukke med nytt arbeidsår :)
Leiar i Balestrand Bondelag: Renbate Rendedal