- Da osar av entusiasme, pågangsmot og vilje til å tenke ut av "boksen" når Renate snakkar, held den oppglødde medlemen i fylkesstyret fram.   Balestrand er eit lite lokalt Bondelag, i ein stor Sogndal kommune, som har ei viktig rolle å fylle lokalt for sine medlemer.

Frå årsmøtet i Balestrand Bondelag

Lokallaget jobbar med å organisere medlemsnyttige saker som innsamling av landbruksplast og metallavfall.  På arbeidsplanen i haust står også ein koronavenleg utandørs sosal aktivitet for medlemene.  Tur med Rib båt til nabobygda på andre sida av Sognefjorden; Ortnevik for å møte motorsagkunstnar Brekke og sjå på kveiteoppdrett i bygda :) 

Balestrand bondelag planlegg også møte med ordførar og landbrukssjef i Sogndal kommune, og dei vil også gjere ein jobb for å verve fleire medlemer.   Lukkast dei med dei planlagte aktivitetane vankar det godt utbyte frå fylkeslaget sine aktive lokallagsmidlar. 

Styret i Balestrand Bondelag

  • Leiar: Renate Rendedal
  • Nestleiar: Lars arne Målsnes
  • Kasserar: Kjell Trygve Sværen
  • Sekretær:  Oddvin Kvamme
  • 1. vara: anders Tjugum
  • Leiar i valnemnda: Jon Asbjørn Målsnes

Fylkeslaget ynskjer styret i Balestrand Bondelag til lukke med nytt arbeidsår :)

Leiar i Balestrand Bondelag: Renbate Rendedal