Kyr på utmarksbeite.

 

Dei nye fjøsa kan då produsere kring 5 millionar liter mjølk, over 100 tonn storfekjøt og kring 50 tonn lammekjøt. På eitt år kjem då kring 5 prosent av mjølk- og kjøtproduksjonen i Sogn og Fjordane frå nye og moderne fjøs. Dette er godt både for dyra og bonden.

Sogn og Fjordane er kome langt med omlegginga frå båsfjøs til lausdrift. På 10 år er det bygd kring 120 nye mjølkefjøs og no går over 40 prosent av mjølkekyrne i lausdrift. Dette har vore ein teknologisk revolusjon der mjølkefjøsa vert bygd med mjølkerobot. I løpet av januar 2018 får Sogn og Fjordane på plass robot nr 100. Den nye teknologien gir individuell tildeling av kraftfôr og registrerer mjølkekvalitet og helsetilstand på dyra. Med dette har mjølkebonden tatt steget inn i ei ny tid.

Dei nye sauefjøsa vert bygde med «storbingar». Dette er eit nytt system der opp til 80 dyr går i lag i ein binge. Dette gjer arbeidet lettare for bonden, og kvart dyr får eit større område å bevege seg på. Nye fjøs til sau er viktig for å halde opp sauetalet og ta vare på kulturlandskapet i fylket. Nedgangen i sauetalet er no stoppa opp og siste året har det vore ein liten auke.

Satsinga på ammeku starta i 2016 og på to år er det bygd kring 300 nye kuplassar fordelt på 13 nye fjøs. Dette har vore viktig for å utnytte grasareala i Sogn og Fjordane og å produsere nok norsk storfekjøt.

 

Saka er henta frå fylkesmannen sine nettsider.