STOLT BONDE: Per Hjermann. 

 

- I år har avlingane vore rekordstore på gulrøtter, poteter og moreller. Avlingane på blomkål var lik 2017, medan avlinga på epler låg under fjoråret. 

Det fortel Per Hjermann. Ein kald haustdag besøkte me den positive lærdølen heime på garden i Sogn. 

- I år gjekk blomkålen for ein draumepris. Siste del av sesongen var det dobbel målpris, seier Hjermann. 

 

Valde å satse

MYKJE FRUKT OG GRØNT: På garden har Hjermann cirka 50 mål med gulrøter, 60 med poteter, 20 med epler, 30-40 med moreller og nesten 50 mål med blomkål.

 

-  Eg overtok garden i 2007, sidan då har eg auka produksjonen. No har eg fylt kvoten der eg kan, fortel Hjermann.

I år hadde han på det meste 12 personar som hjalp til i høgsesongen, samt far sin. 

- No er planen min å rydde nokre gamle epletre, og plante noko anna der i staden. Eg er ikkje heilt sikker på kva endå. 

 

Fylkesstyret på besøk

FRÅ VENSTRE: Anders Felde (leiar i Sogn og Fjordane Bondelag), Nils Magne Gjengedal (styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag), Inge Brekke (2.vara i fylkesstyret) og Per Hjermann. 

 

- Det var veldig kjekt å få besk av fylkesstyret og tilsette frå Sogn og Fjordane Bondelag. 

Hjermann fortalde om både garden og produksjonen.

- Eg håpar dei tok med seg kor viktig det er å behalde tollvernet på grøntsektoren. Helst auke det noko, avsluttar Hjermann.