Anders Huus er tilsett i Norges Bondelag si næringspolitiske avdeling.  Der jobbar han hovudsakleg med jordbruksavtala og oppfølgjing av denne.  Han sit mellom anna i Budsjettnemnda som utarbeider grunnlagsmaterialet for forhandlingane og han deltek som sakkunnig i sjølve forhandlingane på jordbruket si side.  Sist veke innleia han på leiarmøtet til Sogn og Fjordane Sau- og Geit.

Då det vart kjent at han skulle kome til fylket inviterte fylkesstyret han til kunnskapsbygging på tvers i førekant av oppdraget til sau og geit.  Torsdagen starta med eit besøk hos Lerum Fabrikker der både lønsemda i norsk bærproduksjon og sukkeravgift vart drøfta med leiinga i verksemda.   Sidan gejkk turen vidare til Skei der Huus hadde eit minikurs for medlemene i fylkesstyret. 

Frå venstre: Fylkesleiar Anders Felde, direktør i Lerum Trine Lerum Hjellhaug og Anders Huus fotograferte på fabrikken til Lerum på Kaupanger.  Ein fabrikk der Lerum nyleg har investert 250 millionar for å kunne vere med vidare i ein tøff marknad.

Dialog og kunnskapsbygging med styret i Sogn og Fjordane Bondelag.  På agendaen stod landbrukspolitikk og økonomi. 

Fredagen starta med ei oppdatering på mjølkeproduksjonen og ammekuproduksjonen.  Jo Helge Sunde frå Storfeprosjektet orienterte og det vart ein interessann open diskusjon om  verkemidlane i norsk mjølke- og kjøtproduksjon. 

To spreke karar med meiningar og kunnskap nok til å kunne diskutere i mange døgn.  F.v. Anders Huus og Jo Helge Sunde.  Huus har namnet sitt frå Jølster med ein Oldefar frå Klakegg som flytte til Huusslåttene og tok namnet Huus. Sunde vaks opp på mjølkebruk i Dvergsdalsdalen.

Etter interessanne og engasjerte drøftingar om mjølk og ammeku gjekk turen vidare på gardsbesøk hos Jan Asle Bolset der sauen og verkemiddelbruken i sauehaldet var tema.  Det vart eit besøk med svært gode drøftingar om vegen vidare for sauehaldet. 

Frå venstre: Anders Felde, Jan Asle Bolset og Anders Huus.

Sidan gjekk turen til Felleskjøpet og møte med Arild Klakegg som er seljar hos Felleskjøpet og geitebonde.   Då vart det tydeleg at geitehaldet til liks med kumjølkproduksjonen er i endringa.  Kvalitetskrav frå Tine gjer det meir og meir lønsamt å bruke kraftfor for å korte ned tida på beite.  geitene til Klakegg og naboen han er framleis å sjå på beite i Våtedalen, men dei går ikkje lenger like langt vekk frå sommarfjøsen før dei returnerer attende.