REINSDYR I GJENGEDALEN: Dette synet møtte Nils Magne Gjengedal tysdag 26.mai.

 

- Reinsdyra kjem fordi det er mykje snø i fjellet seier Nils Magne Gjengedal.

Han er styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag og sendte oss både video og bilete av reinsdyra han såg.


- Dette er bukkar,dei blir jaga frå flokken når simlene kalvar fortel Gjengedal.

Gjengedal forklarar at om vinteren og fram mot våren er det simlene som har horn, då dei skal ha første retten til den beste maten.

- Desse bukkane har hud på horna, det feia dei i august før brunsten. Så det er ikkje godt å nytte i kamp før huda er feia vekk avsluttar Gjengedal.