Vi er priveligerte som har mykje vatn, og det meste vatnet held ein tilfredsstillande god kvalitet i Sogn og Fjordane. Men kva tiltak kan gjerast der kvaliteten ikkje held mål? Vassforskrifta er til for å syte føre at vi greier å ha eit godt vassmiljø samstundes som vi nyttar vatnet til mellom anna fiske, jordbruk og industri.

På eit seminar som nyleg vart halde på Skei for kommunane og andre interesserte, var utfordringar med høge næringstilførslar frå landbruk og separate avløpsanlegg tema.

-I landbruket driv vi produksjonar der det er risiko for næringstilførslar til vatn. Vi må jobbe for at påverknadane skal vere så små at dei ikkje er eit problem for vasskvaliteten, seier rådgjevar Anita Sæther i Sogn og Fjordane Bondelag. Ho viser til at matprodusentane allereie har ei rekkje krav knytt til drifta, som inngår i miljøplanlegging og førebyggjande tiltak.

Påverknad frå utslepp frå avløp kan og vere eit problem for vasskvaliteten, særleg i mindre vassdrag og innelukka sjøområde. Det kan vere vanskeleg å skilje mellom påverknad frå landbruk og påverknad frå avløp i dei enklaste vassprøvene, men om ein gjer meir omfattande undersøkingar kan ein få ein betre peikepinn.

Å identifisere kjelda til forureininga er avgjerande når ein skal finne fram til dei tiltaka som kan bøte på problema.