Inntektsmålet for norsk landbruk i regjeringsplattformen lyder:  

Ha inntektsutvikling i jordbruket forutsatt lav kostnadsutvikling, produktivitetsforbedring og markedstilpasning. Målet er at inntekter for bonden i størst mulig grad hentes fra markedet.  

- Dette er svakt på vegne av heile norsk landbruk, men for distrikta og dei små og mellomstore bruka er det svært alvorleg, seier Felde.   - Alle som kan litt landbrukspolitikk veit at norsk jordbruksproduksjon vil vere svært avhengig av budsjettmidlar for å kunne utjamne for storleik og driftsulemper.   - Marknad og liberalisering er ikkje løysinga for eit landbruk over heile landet !!  

Når V, H og Frp i regjeringsærklæringa også vil avvikle pelsdyrnæringa, innføre CO2 avgift for alle sektorar som gradvis skal aukast, samt redusere verktykassen i å liberaliserer eigedomsregelverket endå meir, då vert det ikkje mykje å juble for. 

- Akkurat i dag er eg skikkeleg arg, seier fylkesleiaren,  men eg må berre la det å vere arg bli til positiv energi og pågangsmot. - Det er ikkje tvil om at med denne regjeringsplattformen vil det bli mange utfordringar å ta tak i for tillitsvalde i Norges Bondelag i denne Stortingsperioden, avsluttar Felde

 

Her kan du lese heile regjeringsplattformen