- Eg er oppriktig uroa for kva konsekvensar dette kan få for ein framtidig matproduksjon i Sogn og Fjordane, held Hilleren fram.  Som fleire andre registrerte Hilleren at den komande Statsministern på TV innrømte at ho hadde manglande kunnskap om landbruk.  - Det er ikkje tvil om at kunnskap må byggast i tida som kjem, for vert denne politikken gjennomført vil det vere kroken på døra for mykje av matproduksjonen i distrikta. 

Regjeringa nemner ikkje matproduksjon i heile landet som eit uttalt mål, og resultatet av mange av endringane vil vere svekka lønsemd i næringa.  Heving av konsesjonsgrenser og svekking av bøndene og samvirket sine roller i verdikjeda vil gje mindre norsk matproduksjon i distrikta som resultat.  Det er difor viktig at det vert gjort ein god jobb i Stortinget, og at kunnskap kan tydeleggjere konsekvensar på ein slik måte, at dei delane av regjeringserklæringa som kan svekke matproduksjonen i distrikta ikkje vert sett ut i livet, seier ein tydeleg Hilleren.  Regjeringa vil arbeide for ein høgast mogleg sjølvforsyning av beredskapsomsyn, og det er bra, men der er ikkje samanheng mellom verkemidla som vert presentert og styrka lønsemda for det store fleirtalet av matprodusentar i våre område. - Det verkar som dei ynskjer at vi skal drive med heilt andre ting enn matproduksjon, avsluttar Hilleren.

Her kan du lese heile regjeringserklæringa.  Landbruk er omtalt frå side 32 og 33.