Fagre ord om sjølvberging og forsikringar i valkampen er ikkje vert papiret dei står skrivne på ein gong, seier fylkesleiar Per Hilleren i ein kommentar til at regjeringa sin EU-minister ikkje torer å fronte norske interesser i ostetollsaka.

Det er heilt utruleg kor lettvindt Norge og EU og EØS minister Helgesen gjev frå seg alle forhandlingskort før forhandlingar tek til.  Det er tydeleg at i saka om ostetollen så let ikkje regjeringa den verkelege verda sin kompleksitet få uroe deira ideologi.  I staden for å innta strategiske forhandlingsposisjonar reiser dei til Brüssel med «hua i handa», bukkar og skrapar, og tilbyr norske interesser og spring motparten sine ærend, då vert eg rimeleg frustrert seier Hilleren.     Når dei i tillegg skyv forbrukarane føre seg, vert eg oppgitt.  Eg trur ikkje forbrukaren er viljug til å ofre norsk matproduksjon og norske bygder, noko som kan bli konsekvensen om ikkje den norske bonden skal kunne hente inntekter frå marknaden i tilstrekkelege grad til å skape lønsemd.   

Ostetollsaka har i utgangspunktet ikkje noko med EØS-avtalen å gjere, men om lovlege justeringar i høve til eksisterande WTO-avtale.  Osteimporten frå EU er regulert av ei eiga avtale der EU sin tollfrie kvote til Norge auka frå 4000 til 7 200 tonn 1.januar.  EU sin osteeksport til Norge tilsvarar meir enn 10 % av norsk mjølkeproduksjon og er sterkt aukande til tross for toll.  Viss vi skal drive vår internasjonale tollpolitikk som rein solidaritetshandling overfor EU, som sjølv berre importerer ost tilsvarande 1 % av sitt forbruk, er det noko eg som forbrukar, matprodusent og dsitriktsbuar ikkje heilt klarar å forstå.