LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde.

 

- I forslaget til statsbudsjettet går løyvingane til NVE ned. Det er uforsvarleg av Regjeringa, då løyvingane burde vore auka for å betre beredskapen med tanke å flaum og ras. Regjeringa burde heller fremma forslag om ein opptrappingsplan på løyvingane til NVE.


Felde fortel at dei siste åra har flaum og ras gjort stor skade på offentleg infrastruktur, hus og dyrka jord. 


-Det er uhaldbart med tanke på livet, helsa og livskvaliteten til innbyggjarane som bur i utsette område. Vidare er det uhaldbart at bønder får livsgrunnlaget øydelagt på få timar, fordi ein ikkje klarar å auke beredskapen i elveløpa. 

 

- Løftebrot

- Regjeringa har også gitt EU auka tollfrie importkvotar på kjøt og mjølk. I tillegg har Regjeringa gjennom WTO-forhandlingar stramma inn mogelegheitene for eksport av norske produkt. 


Ifylgje Felde og Bondelaget slår ein fleirtalsmerknad frå Jordbruksmeldinga fast at dette skulle kompenserast i Statsbudsjettet for 2018. Felde har leita, men finn ingen kompenserande tiltak i budsjettet. 


- Vi opplever at Regjeringa ikkje fylgjer Stortinget si vilje, når ein ikkje set inn midlar til å styrke konkurransekrafta til norsk mjølk. Verdiskapinga frå mjølkeproduksjonen står for 60% av verdiskapinga innan landbruket i fylket vårt. Tollfrie ostekvotar på 8400 tonn, eit lite fungerande tollvern, og slutten på eksportsubsidiar til Jarlsberg i 2020 truar det norske mjølkevolumet.