LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde. 

 

Det er eit stort behov for klimainvesteringar i landbruket, og regjeringa fylgjer ikkje opp stortingsfleirtalet som ber om eit klimafond for landbruksnæringa.

- Vi etterlyser tiltak retta mot vatning og drenering for å sikre ein matproduksjon på dagens nivå, fortel fylkesleiar Anders Felde.

Felde ynskjer klimainvesteringar for å møte utfordingane, og er skuffa over at dei ikkje kom i forslaget til statsbudsjett for 2019.

- Regjeringa tek ikkje matberedskapen i Norge på alvor, seier Felde.

 

- Håplaust at heile greia ikkje blir reversert

Regjeringa ynskjer å kutte i avgifta på sukkervarer og sjokolade, men ikkje på brus og saft. Samtidig vil regjeringa utrede sukkeravgifta nærare. Det får Felde til å reagere.

- Det er hol i hovudet at heile sukkeravgifta ikkje blir reversert, medan ein utredar ordninga. For meg er det heilt uforståeleg at dei kuttar i avgifta på sjokolade, men ikkje på saft og brus.

 

Treng utvikling

- Eg registrerer også at det har blitt kutta i midlane til regional utvikling over tid, seier Felde.

I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2019 er det satt av rundt 1,2 milliardar kroner til regional utvikling og nyskaping. Det er 223 millionar kroner mindre enn året før.

- Vi er mange som bur i distrikta, og vi treng utvikling og aktivitet i bygdene.

Felde reagerer også på at forslaget til statsbudsjett for 2019 legg opp til ein reduksjon til utbygging av høghastigheitsbreiband på cirka 50 millionar.

- Eg stiller meg kritisk til forslaget om å kutte pengar til utbygging av breiband. Vi er avhengig av å ha god dekning i framtida for å henge med i utviklinga som skjer i landbruket.