NESTLEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Ole-Ivar Åm Sognnes. 

 

- Respekten for rovviltforliket, bestandsmåla og menneska som bur i distrikta med meir ulv enn Stortinget har bestemt, er fråverande hjå noverande Regjering.

Det fortel Ole-Ivar Åm Sognnes, nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag. I dag vart det kjent at regjeringa overprøver rovviltnemdene si avgjerd om å ta ut tre ulveflokkar inne i ulvesona. Regjeringa tillèt kun å ta ut ein flokk. Slettås-flokken i Hedmark.

 

Stortinget må handle

I nyare tid har det ikkje vore så mange ulv i norsk natur som det er i dag, likevel meiner regjeringa at bestanden skal auke.

- Vi ligg allereie langt over bestandsmålet som Stortinget sette for to år sidan. Skal ulveforliket vera meir verdt enn papiret det er skrive på, og norsk rovdyrpolitikk behalde eit snev av truverd, kan ikkje denne avgjerda verte ståande. No må partia bak ulveforliket sørge for at det dei faktisk har bestemt blir gjennomført, seier Sognnes.

 

Store konsekvensar i Hedmark

Sidan innføringa av forvaltningsområdet for ulv i 2004 og fram til i dag har eitt aukande rovdyrtrykk gjort det vanskeleg å drive næring i utmarka. Spesielt tydeleg er dette i den delen av sona som ligg i Hedmark fylke. Her er bruken av utmarksbeite i praksis avvikla, bestanden av elg er redusert, frustrasjonen er stor og mange kjenner på det å ikkje vera trygge.

- Bruken av skogen og fjellet til næring er viktig for svært mange bygdesamfunn, men med ein veksande ulvebestand inne i ulvesona har dette blitt vanskelegare. Også utanfor ulvesona skapar dette problem, då ein aukande ulvebestand vil føre til fleire streifulvar som vil angripe beitedyr i beiteområdet, fortel Sognnes.