Regjeringa sin politikk går i ei retning som vi ikkje ynskjer for norsk matproduksjon!  Regjeringa og Ministeren ynskte eigentleg ikkje ein avtale med norske bønder.  Hadde ho ynskt det hadde ho stått på for næringa og synt respekt for den jobben som bønder i heile Norge gjer.  -  Når eg ser henne på pressekonferansen kjenner eg avmakt over ein minister som ikkje vil forstå samanhengane i norsk landbruk.  - Ho snakkar varmt om rekruttering, men det er vel ingen person som skapar så mykje missnøye og manglande optimisme i næringa som nettopp henne.  - Eg hadde håpt at regjeringa skulle ha meint alvor med at dei ynskte ei avtale, men slik er det ikkje!

- Da nyttar ikkj å auke norsk matproduksjon dersom eit gjennomsnittleg gardsbruk ikkje skal ha livets rett.  Dei få bruka som det her skal satsast på, vil ikkje kunne kompensere for dei mange som no vil møte ein vanskelegare kvardag.  Redusert lønsemd vil svekke rekrutteringa og gje fleire nedleggingar, og det vil bli nærast umogleg å halde alle jordbruksareala i drift. Då må produksjonen baserast på meir import av fòr, seier fylkesleiar Per Hilleren.