Dette vil råke mjølkeproduksjonen og næringsmiddelindustrien hardt. I verste fall forsvinn eit volum som er mykje større enn den totale årlege mjølkeproduksjonen i Sogn og Fjordane

Regjeringa oppfordrar til investeringar i næringa. Den same regjeringa vil likevel gjennomføre eit tiltak som i praksis kan bety at kvar mjølkebonde må produsere nærmare åtte prosent mindre mjølk.  For Sogn og Fjordane utgjer det om lag 8, 5 millionar liter mjølk som utgjer eit årleg inntektstap for mjølkebøndene i Sogn og Fjordane på om lag 25 millionar kroner.  I tillegg kjem tap på produksjonen av kjøt grunna eit redusert tal produksjonsdyr.

Overgangstida på under fire år er svært kort og tek ikkje høgde for konsekvensane når 130 millionar liter mjølk i Noreg står utan ein marknad.  Utfasinga kan også føre til at endå meir grasareal i fylket vert teke ut av drift.  Noko som raskt vil bli synleg.

Må kompensere for økonomisk bortfall

Eit fleirtal i komiteen seier at avbøtande tiltak må vurderast.  Regjeringspartia seier sjølv i globaliseringsmeldinga at dei skal sjå på utfasinga i samband med statsbudsjett og jordbruksoppgjer.  Når eksporten forsvinn, gjev det eit årleg samla inntektstap for mjølkebøndene i Noreg på omlag 370 millionar kroner. I tillegg kjem tap av inntekter i mellom anna kjøtproduksjon. – Da må vere eit sjølvsagt krav at regjeringa no utgreier konsekvensane av tiltaket og at tapet som mjølkebøndene får vert kompensert,  seier Felde.  Det klart viktigaste avbøtande tiltaket vil vere eit styrka importvern på ost og yougurt.   Vi importerer varer som representerer 200 millionar liter mjølk.  Med styrka importvern og styrka konkuransekraft for norsk mjølk, vil vi kunne greie å avgrense konsekvensane av eit bortfall av eksportstøtta, seier Felde

Bilettekst: Reduserte produksjonsmoglegheiter vil gje færre dyr på beite, mindre kjøt og truleg også ei endå sterkare sentralisering av mjølkeproduksjonen.

Gjev bort forhandlingskort

No blir det ei einsidig norsk fjerning av eksportstøtta, utan at Noreg får noko igjen gjennom ein internasjonal forhandlingssituasjon.  - I meldinga seier regjeringa at denne eksportstøtta ikkje har effekt for lokal matproduksjon i utviklingsland.  Det betyr at dette er symbolpolitikk som norske bønder må betale prisen for, seier Bartnes.  – I komande WTO-forhandlingar er eksportstøtte eit tema, men då skjer det innan rammene av internasjonale forhandlingar.

Det vil komme nye forhandlingssituasjoner. Det er svært viktig for norsk landbruk at regjeringa ikkje einsidig gjev handelsinnrømmelsar, men står på for norsk matproduksjon.  Skal måla om eit landbruk i heile landet ha truverde utover fine ord i festleg lag må da anna lut til enn det regjeringa har synt til denne tid Avsluttar Felde

 

Kva er eksportstøtte?

  • For at ost produsert i høgkostlandet Noreg skal vere mogleg å selje på utanlandske marknader, vert eksporten støtta 130 millionar kroner årleg.Dette vert betalt av landbruket sjølv gjennom prisutjamningsordninga. Eksportstøtta går hovudsakeleg til eksport av Jarlsbergsost til høgt betalande marknadar i USA, Canada og Australia.Den har ikkje effekt for lokal matproduksjon i utviklingsland.

  • Bakgrunnen for eksportstøtta er ei form for regulering av mjølkeproduksjonen.Dersom det blir produsert for lite mjølk, går det raskare å stoppe eksporten enn å auke produksjonen i Noreg.

  • Norsk mjølkeproduksjon kan dekke etterspørselen etter ferskmjølk, ost og yoghurt. I dag er det importerte varer som tek forbruksveksten på yoghurt.