- Som tilsett i Norges Bondelag har eg vore med på aksjonar tidlegare, og det er alltid ei stor spaning før ein set i verk den første aksjonen. Det var godt å sjå at engasjementet vakna hos mange av medlemene, og ikkje minst var det godt å sjå alle støtteerklæringane som næringa fekk trass i at vi valde aksjonsformer som gjekk ut over tredjeperson. Midt under ei av dei saktegåande traktorkolonnene mottok eg følgjande SMS melding: ”Eg sit i kø på veg heim, men det er heilt ok!! Støttar bøndene 100%”. Slikt varmar på ein 14. mai dag der det regna vassrett og gradestokken synte 4 grader pluss. Det var sjølvsagt nokon som var negative, men dei fleste synte tommelen opp og gav uttrykk for støtte til aksjonen og næringa.
Aksjonsdagen har synt at Norges Bondelag og landbruket som næring framleis har styrke når vi dreg lasset saman. Til færre bønder vi vert til viktigare er det at vi dreg lasset saman og i same retning. La oss bruke dette brotet til å styrke samhaldet i næringa og til å mobilisere fleire av bøndene til å bli ein del av fellesskapet.

Eg må seie at eg var svært spent på kva innhaldet i årets tilbod frå staten i jordbruksoppgjeret ville vere. Heile vinteren har politikarar frå alle dei tre regjeringspartia sagt, at det er i jordbruksavtala at verkemidlane skal kome. Difor vart skuffelsen ekstra stor når eg såg storleiken og innretninga på tilbodet. Vi har dessverre sett at regjeringa dette året ikkje har forstått den alvorlege situasjonen som har bygd seg opp i landbruket over fleire år. Ny landbruksmelding med ambisiøse målsetjingar gav næringa tru på eit taktskifte frå politisk leiing med ei styrka satsinga på auka matproduksjon og på distriktslandbruket. Når tilbodet går nøyaktig i tidlegare års "fotspor", og det er svært lite friske midlar som går til dei som produserer maten vart brotet i årets jordbruksforhandlingar uunngåeleg, seier Støfring.

Eg håpar regjeringa tek brotet i jordbruksforhandlingane på alvor, og når ”stormen” har roa seg set seg saman med næringa for å kunne kome fram til løysingar som kan betre lønsemda for ei svært viktig distriktsnæring. Skal vi nå måla om auka matvareproduksjon må det kome ein snuoperasjon med tilstrekkeleg kroner i potten. Det vert ikkje auka matproduksjon av fager prat, avsluttar Støfring.

Frå Bondeaksjonen i Oslo 21. mai.  Foto: Halvor L. Brosvik