Det viktigaste virkemidlet for å sikre norsk matproduksjon over heile landet, inkludert Sogn og Fjordane er inntekt.   Skal vi kunne auke matproduksjonen i Noreg og i distriktslandbruket, treng vi eit taktskifte i landbrukspolitikken, held Hilleren fram.Den nyleg vedtekne  landbruks- og matmeldinga slår fast at norsk matproduksjon skal auke i takt med folkeveksten i Noreg.  I tillegg skal inntektsskilnadene  mellom landbruket og øvrige grupper bli redusert.   Dei viktigaste verkemidlane i kravet frå Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag for å bidra til at dette kan bli tilfelle er:

  • Auka  inntektsmoglegheiter for bonden på om lag 33.000 kroner per årsverk meir enn for andre grupper i samfunnet, for å kunne tette noko av inntektsgapet
  • Prioritering av distriktsjordbruket, storfekjøtt- og kornproduksjon

Dei fleste bønder i Norge har ei gjennomsnittlig jordbruksinntekt på under 300.000 kroner per årsverk. Gjennomsnittlig inntektsnivå for andre grupper i samfunnet er 469.000 kroner.

 -  Vi ser ein faretruande utvikling også i vårt fylke seier Hilleren.  Arealet som er i jordbruksproduksjon blir redusert og avlingane går ned. Næringa slit med rekruttering av ungdom. Et godt jordbruksoppgjør i år er avgjerande for å snu denne utviklinga. 

 -  Når ni av ti nordmenn ynskjer  eit landbruk av minst same omfang som i dag, er det eit kraftig signal til regjeringa.  Bonden er klar til å produsere meir mat til den norske forbrukaren.   Det er no regjeringa kan få sett fine ord om til praktisk handling. 

- I heile vinter har vi høyrt politikarane snakke om at det er i jordbruksoppgjeret at dei konkrete løysingane skal kome. Dette som svar på våre spørsmål om manglande konkretisering i meldinga. No er tida komen for å finne fram verktykassa, avsluttar Hilleren


For ytterlegare kommentarar, kontakt:

Per Hilleren, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag 476 07 532


Her kan du lese heile kravet ved årets jordbruksforhandlingar