Anders Felde etterlyser myndigheitene når det gjeld ras- og flaumsikring. - Vi skal bu i distrikta og skape verdiar her, og då er det ein uhaldbar situasjon å ikkje skulle vere trygg.

Felde etterlyser meir løyvingar til NVE. - Flaumen og rasa på Jølster er eit godt døme på korleis det kan gå. For 2 år sidan vart husa ved Årsetelva sikra mot elva, og tiltaka her har vore med på å redde husa som står der i dag. Sikringa har tatt av for massane som kom ned, men er ødelagt og må erstattast. Når ein ser øydeleggingane her, tørr ein ikkje tenkje på korleis det hadde sett ut om det ikkje hadde vore ei sikring her, seier Felde. 

Bondelaget har etterlyst større løyvingar til NVE i dei siste statsbudsjetta. Dei siste åra har vi sett ein auke i ekstremvêr, og Sogn og Fjordane har vore ramma av større ras og flaum tre år på rad. Samtidig manglar det ein større auke i løyvingar til NVE for sikring. - Kommunar har blitt oppmuntra til å utarbeide raskart og flaumkart for sikring av områda, og dette er langt på veg blitt gjort. Men det hjelp lite når myndigheitene sin vilje til å investere i sikring er låg. Køen hjå NVE over sikringstiltak som treng løyvingar er lang og NVE har eit enormt etterslep, seier Felde.

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde

- Dette er ei viktig sak for distrikta. Det er ei målsetjing om å ha eit landbruk i heile landet og ha levande bygder, men då må det vere trygt å bu her. Vi aksepterar at det kjem til å komme meir ekstremvêr på Vestlandet, men då må storsamfunnet gjere meir for at innbyggjarane og dei besøkande skal vere trygge her. Utan sikring av elvar og rasområder vil matproduksjonen òg oppleve eit langt større press for å nytte sikre områder med dyrka mark til framtidige bustadfelt og næringsareal, seier Felde.

Strengare krav til Telenor

Ekstremvêret førte òg til at mobilnett var nede over lang tid. Blant anna vart 5 basestasjonar slått ut og fleire fiberkablar avrivne. Enkelte områder fekk ikkje tilbake internett og mobilnett  før torsdag ettermiddag, og hadde då vore utan moglegheit til å kommunisere med omverda i to døgn, samt vore fysisk innesperra av rasa.

- Dette viser kor sårbare vi er, og kor avhengig vi er av å ha gode, velfungerande beredskapsløysingar. Vi fryktar at den svake beredskapen i forhold til telekommunikasjon i distrikta før eller seinare kjem til å koste liv, seier Felde. Det er bra at regjeringa no vil krevje meir av Telenor i forhold til fungerande basestasjonar sjølv om straumen skulle vere vekke. Det er avgjerande for beredskapen at langt fleire basestasjonar enn i dag fungerar utan straum i minst tre dagar, seier Felde.