LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde. 

 

Ein gjennomgang Bondelaget har gjort syner at sju kommunar i Sogn og Fjordane har åtvara regjeringa mot å innføre eit forbod mot nydyrking av myr. Likevel har regjeringa føreslått eit slikt forbod og meiner at forbodet ikkje vil få konsekvensar av betyding for matproduksjon og næringsutvikling i Sogn og Fjordane. Målet med forbodet er å redusere norske klimagassutslepp.

 

- Ignorerer åtvaringar frå kommune- Norge

Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, meiner regjeringa bevisst ignorerer åtvaringar frå kommune-Norge når dei går inn for eit forbod mot å nydyrke myr til bruk i matproduksjon.

 - Det er ganske utruleg at regjeringa kan sitje i Oslo å ignorere kommunane sine åtvaringar om kva dette vil bety for lokal verdiskaping og matproduksjon. Landbruket skal sjølvsagt også bidra i klimadugnaden. Men for det første veit vi at klimaeffekten av et myrforbod er usikker. For det andre fekk vi eit tydeleg bevis på at myrjorda spelar ei vesentleg rolle i vår matberedskap i sommar, då mange tørkeramma bønder berga seg med å dyrke gras på myrjorda, seier bondelagsleiaren, som meiner dette er heilt feil klimamedisin frå regjeringa.

No festar han sin lit til at Kristelig Folkeparti vil rydde opp og viser til at landbrukspolitisk talsmann i partiet, Steinar Reitan, saman med Ap og Sp har vore skeptisk til eit totalforbod mot nydyrking av myr og peikt på behovet for å utrede alternativ.

- Kristelig Folkeparti har vore ein tydeleg forkjempar for matproduksjon over heile landet. Eg forventar at dei ikkje sit stille og ser på at regjeringa overkøyrer distrikta på denne måten.

I alt har 64 kommunar frå heile landet åtvara regjeringa mot eit forbod mot nydyrking av myr, men regjeringa la kunn til grunn at 12 kommunar ville bli berørt av avgjerda. Ingen av desse 12 ligg i Sogn og Fjordane.

Fylgjande kommunar i Sogn og Fjordane åtvarar mot å innføre forbod mot nydyrking av myr: Eid, Fjaler, Førde, Gaular, Gloppen, Hornindal og Jølster.

 

Les alle innkomne høyringsuttalelsar her.