Måndag denne veka møtte 20 representantar frå lokallagsstyra i Stryn og Hornindal til regionsamling. Målet med samlinga var å kome saman og drøfte saker som er viktige for bøndene i området, samt styrkje samarbeidet mellom lokallag- og fylkesledd. Frå fylkeslaget møtte Lidvin Hage og Marianne K. Kvamme frå styret, og Anita Sæther frå kontoret.

Investering var eit tema som raskt kom på bana, og det er gledeleg at mjølkeprosjektet no startar opp i Stryn. Det er framleis mange mjølkeprodusentar i kommunen, men svært mange av dei driv produksjonen sin i båsfjøs. Det er trong for fornying. Ein ser og på høva for å starte opp eit lokalt saueprosjekt, for å styrkje satsinga på sauehald.

Nokre uttrykte uro for rekrutteringa til næringa. Ungdom har andre krav til ferie og fritid enn generasjonen før, og dei ser at inntjeninga jamt over er låg sett i høve til arbeidsinnsats. Det er fleire gode tiltak i området som kan bidra til å auke interessa for og sjå moglegheitene som ligg i landbruksnæringa. Seinast i romjula vart det skipa til fjøstreff for ungdom, og gjennom prosjektet "Framtid i landbruket" kjem mange ungdomsskuleelevar i kontakt med næringa.

Lufte- og beitekravet vart og drøfta, med bakgrunn i at mjølkeprodusentane i området hadde fått brev frå Mattilsynet med påminning om regelverk og varsel om kontrollar i 2015. Men i brevet hadde det ramla ut informasjon om overgangsordningane, noko som var svært vesentleg for handheving av regelverket kring omfanget av lufting og mosjon for dyr i båsfjøs. Meir informasjon om dette kan ein få ved å vende seg til lokallagsleiar i eige lag, eller Sogn og Fjordane Bondelag sitt kontor.

Gode drøftingar på regionsamling i Stryn