Regionmøta i Sogn og Fjordane Bondelag starta denne veka. Måndag 25. januar var 15 tillitsvalde i lokallagsstyra frå Luster, Sogndal og Leikanger samla for å drøfte landbrukspolitiske utfordringar og aktiviteten til lokallaga i regionen.

Kari Sigrun Lysne var til stades frå styret til Sogn og Fjordane Bondelag. Ho er oppteken av at lokallaga må komme med innspel til jordbruksforhandlingane, og til det næringspolitiske programmet som Norges Bondelag skal vedta på Bondetinget i juni. -Dette arbeidet handlar om at mykje om at me må gjera vegval og prioriteringar. Då er det viktig at lokallaga våre har sagt sitt, meiner Kari Sigrun. Lokallaga har frist til 19. februar med å uttala seg til jordbruksforhandlingane. Når det gjeld næringspolitisk program, ligg det eit utkast frå Norges Bondelag føre. Dette vil det verte innleidd meir om på Sogn og Fjordane Bondelag sitt fylkesårsmøte, og lokallaga kan gje sine innspel til fylkeslaget før påska.

Styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag, Kari Sigrun Lysne, oppmodar lokallaga til å komme med innspel til jordbruksforhandlingane og til næringspolitisk program.

 

15 tillitsvalde frå lokallaga i Luster, Sogndal og Leikanger var samla til regionmøte på eikum Hotell på Hafslo.