Dei fleste på møtet hadde teke innover seg alvoret med innhaldet i den nye jordbruksmeldinga. 

Dei konkrete endringsforslaga knytt til avløysarordning, tidlegpensjon og beite møtte stor skepsis, og vart avvist då ein frykta kva veg pengane som må omfordelast vil ta. Samstundes vart det poengtert, at dersom meldinga går gjennom politisk, vil det medføre at mykje pengar skal omfordelast i jordbruksoppgjeret til våren. 

Det var full semje om lina fylkeslaget har valt å legge seg på, med å fronte at ein ber Stortinget sende meldinga attende til regjeringa.  Summen av konsekvensane av endringsforslaga blir svært vanskeleg å leve med for husdyrbruk i distrikta.