Regionalt miljøprogram for Vestland har som hovudformål å stimulere til å oppretthalde og utvikle eit ope og variert kulturlandskap. Særskilte verdiar i kulturlandskapet skal takast vare på og skjøttast, god agronomi skal fremjast og ureining og tap av næringsstoff frå jordbruket skal reduserast.

Det nye regionale miljøtilskota erstattar dei tidlegare fylkesvise tilskota for Sogn og Fjordane og Hordaland, og utgjer no eit felles program. For søknadsrunden 2019 blir det tatt i bruk eit nytt program. Dette medfører at ein ikkje kan importere tidlegare søknadar og kartgrunnlag, all informasjonen må leggast inn på nytt og karta må teiknast på nytt. Fordelen er at det nye systemet har eit mykje betre kartgrunnlag som blir meir presist og kan gjer til at eit meir riktig areal blir godkjent. Det er kun for 2019 ein må legge inn alt på nytt, frå og med 2020 blir det mogleg å importere igjen. Kontakt landbruksavdelinga i din kommune dersom du ynskjer hjelp til å legge inn informasjonen på nytt.

Nokre av tilskota er nye for Sogn og Fjordane, og andre har fått endringar i krava. For oversikt over dei ulike tilskota i miljøprogrammet, trykk HER.

Fylkesmannen har oppretta ei temaside der dei vil samle all sentral informasjon og søknadsmateriale om regionalt miljøprogram. Sida er under utarbeiding og skal vere ferdig til 20.august. Søknadsfristen er 15. oktober, for beitelag gjeld eigen søknadsfrist 15.november. Søknaden leverast elektronisk gjennom Altinn på heimfylket sitt søknadsskjema, eventuelt papirsøknad til kommunen.

Programmet er fastsett av Fylkesmannen, i samråd med fylkeslaga til Bondelaget og Bonde- og småbrukarlaget. Alle føretak som kan søkje om produksjonstilskot i jordbruket, har landbruksdrift og som oppfyller vilkåra stilt i dei ulike tilskotsordningane, kan søkje. Beitelag som er registrerte i Einingsregisteret og som er godkjende av Fylkesmannen i Vestland, kan søkje om tilskot til organisert beitebruk/drift av beitelag.