I jordbruksmeldinga skriv regjeringa følgjande om forvaltninga av investeringsverkemidlane:

Omfanget av føringer som ligger til grunn for bruken av midlene er likevel betydelige, og det er spesielt krevende at det i tillegg til nasjonale føringer er åpnet for at det kan utarbeides relativt detaljerte regelverk og føringer for de bedriftsrettede midlene på regionalt nivå gjennom det regionale partnerskapet. For mange kryssende hensyn kan svekke Innovasjon Norges lønnsomhetsvurdering av de enkelte prosjektene, og det kan også svekke graden av nasjonal måloppnåelse. Videre kan praksisen fra fylke til fylke bli for ulik for relativt like prosjekt. Systemet bidrar dessuten til urimelig mye byråkrati og en mindre effektiv forvaltning, og kan gjøre det vanskelig for den enkelte næringsutøver å orientere seg i gjeldende regelverk. Regjeringen foreslår derfor at regionalt partnerskap ikke lenger skal ha mulighet til å utforme regelverk og detaljerte føringer for bruken av disse midlene.

  - Som yrkesutøvar og bonde har eg ikkje hatt nokon problem med å  forhalde meg til regelverket, sjølv om det har vore gjort avgjerande regionale prioriteringar i utforminga, seier Aam Sognnes.  Regjeringa sin påstand om at det er vanskeleg å orientere seg i dagens regelverk kjenner eg med ikkje att i, seier ein svært tydeleg nestleiar. 

Regjeringa tydeleggjer med sin omtale av investeringsverkemidlane,  at det er dei store som skal bli tilgodesett.  Dei ynskjer ikkje at ein lokalt utformar eit regelverk, der omsynet til strukturen og arealgrunnlaget i fylka vert ein del av avgjerdsgrunnlaget ved utforinga av detaljane i regelverket.

  - Eg fryktar at den endringa som regjeringa kjem med forslag om vil svekke investeringsverkemidlane i Sogn og Fjordane, og med det gjere det ulønsamt for gjennomsnittsbruket i Sogn og Fjordane å fornye sitt driftsapparat. 

- Forslaget er eitt av fleire negative endringsforslag i meldinga.  - Eg fryktar summen til sist vil bli kroken på døra for mange vestlandsbruk, avsluttar ein engasjert nestleiar som håpar politikarane i fylket snart kan vakne og så alvoret i summen av alle forslaga regjeringa kjem med i Meld.St.11 (2016-2017) !