Utgangspunktet for saka er at Sogn og Fjordane Bondelag gjennomførde eit landbruksprosjekt, med fylkeskommunal prosjektstønad, på Gloppen ungdommsskue, for 8-10 klassetrinnet i 2011/12. Ein fekk så gjennomslag i fylkeskommunen for ei vidareføring av prosjektet for 2012/13, med ei utvidig til også å gjelde ungomsskulen i Stryn, Eid og Hornindal.

Det var semje om at ungdomsskulen i Stryn og Olden vil gjennomføre aktivitetar for komande skuleår i tråd med det som er gjennomført ved Gloppen ungdomsskule i 2011, men knytt til lokalt tilpassa læreplanar og undervisning.

Rammene for aktivitetane som vil inngå i prosjektarbeidet er følgjande:

For 8 klassetrinnet vil ein tilrettelegge ein heil skuledag på gardsbesøk, der bonden på garden vil legg til rette enkle arbeidsoppgåver og hjelpe og inforemerer elevane, der eit av gardsbruka bør vere eit mjølkeprodusjonsbruk med robotmjølking og anna ny teknologi. 

For 9 skuletrinnet  vert det klasseinformasjon over ein halv skuledag, der landbruksorganisasjonane vil informere om sine arbeidsoppgåver, verdiskaping, sysselsetjing og yrkesmoglegheiter.Skulane vil tilrettelegge opplegg på gardsbruk for elevane, knytt til arbeidslivsfaget og grunnskulen si arbeidsveke. Det er også eit mål om å arbeide med kortreist mat som tema og mellom anna knyte dette til eiga skulekantine.

For 10 klassetrinn skal ei gjennomføre Norges Bondelag sitt landbruksspel over ei heil skuledag, med bønder som rettleiarar i klassen.

Representantane frå skulane uttrykte elles von om at prosjektsatsinga må bli vidareført etter prosjektperioden i 2013.