Ein ser det ikkje med ein gong, men taket på fjøsen hjå Sogn Jord- og Hagebruksskule er ikkje som alle andre tak. Eit takareal på om lag 350 m2 er dekka med solcellepanel som skal produsere straum til skulen. Installert effekt er ca 46 kwh, og det er venta ein årleg energiproduksjon på ca 34 000 kwh. Det betyr at på sommarstid skal solcelleanlegget dekke nesten heile energibehovet til fjøsen, gartneriet og det nye ysteriet som dei held på å ferdigstille i desse dagar.

Prosjektet er finansiert med miljøprosjektmidlar, og er det første fylkeskommunale solcelleanlegget som er montert. I fleire av dei store fylkeskommunale byggeprosjekta ligg det solenergi inne i planane så dette er noko det kjem til å komme meir av i tida framover.