Produksjonsdelinga i norsk landbruk må på agendaen

Publisert 25.02.2020
  • Tips en venn om denne siden

- Vi må våge å ta dei vanskelege diskusjonane no, skal vi kunne sikre matproduksjon i heile landet, sa fylkesleiar Anders Felde til Statssekretær i Landbruks- og Matdepartementet Widar Skogan, då han besøkte Hafslo i går

- Husdyrbonden i distrikta kjenner seg pressa, held Felde fram. Vi ser ei stadig større sentralisering av norsk matproduksjon, importen skyt til himmels, lønsemda er svekka og klimakur peikar på eitt av naturens under som noko negativt.   - Eg kjenner på at det "brenn litt under føtene" våre no, og difor er det viktig at Statssekretær i Landbruks- og Matdepartementet Widar Skogan tok turen til fylket saman med Stortingsrepresentant Tore Storehaug.

Dei fekk sjå utfordringane som distriktsjordbruket står overfor, men dei fekk også presentert moglege løysingar på ulike utfordringar. - Det er utruleg bra at politikarane sette av ein heil dag, slik at vi kunne bruke noko meir tid enn vanleg på dei viktige sakene vi rakk å ta opp, held fylkesleiaren fram.   Fornying av driftsapparatet på 15-30 kys bruket, rovviltpolitikken, grøntproduksjonen og erfaringane etter fleire runder med naturskade i vårt område var mellom sakene på agendaen.

Dagen starta med innleiing om landbruket i Vestland  ved fylkesleiar Anders Felde og Assisterande landbruksdirektør hos fylkesmann Bjørn Harald Haugsvær.

Gardsbesøk hos leiar i Hafslo Bondelag Claus R. Moe. Tema er økonomi i mjølkeproduksjonen og grunnlag for å kunne "hoppe" frå båsfjøs til lausdrift. F.v. assisterande landbruksdirektør Bjørn harald Haugsvær, Statssekretær Widar Skogan, Claus R. Moe, Stortingsrepresentant Tore Storehaug, fylkesleiar anders Felde og prosjektleiar Jo Helge Sunde

Gardsbesøk hos Terje Torgersen. Han bygde om gamal fjøs til lausdrift for 25 mjølkekyr i 2015.  Med lang bakgrunn frå anleggsbransjen og betongarbeid kunne han gjere ein langt over gjennomsnittet  eigeninnsats  i bygginga.  Dette var ein viktig faktor for å kunne få til prosjektet.

Praten gjekk engasjert heile dagen.  Frå vindauget i fjøsen til Terje Torgersen og hans familie kunne statssekretæren sjå det bratte arealet nedanfor der grovforet vert hausta.  Da fungerer godt med slangespreiing i bakkane :), men er verre når grovforet skal i hus.  Då må det vere tørre tilhøve.

Tema sau, beitebruk og rovdyrpolitikk i fjøsen til Olav Høyheim Einan

Tema: Økonomien i jordbær til industrien vart også teke opp på gardsbesøket hos Olav Høyheim Einan. Denne må styrkast vesentleg i årets jordbruksoppgjer var den tydelege meldinga.

Etter økta ute var det nye to timar med innleiingar og drøftingar inne.  Nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Ole Bjarne Hovland sette fokus på beitebruk og rovviltpolitikk i sitt innlegg.

Dagens siste tema var erfaringar etter naturskader i Luster og Jølster.  Knut Stokkenes frå Skjolden innleia med sine erfaringar frå hendinga i Mørkridsdalen i oktober 2018.  Han gav uttrykk for at det er ulike element i naturskadeordninga som må sjåast på med utgangspunkt i dei erfaringane som no vert hausta i våre område.

Sogn og Fjordane Bondelag takkar alle som medverka med å opne opp gardane sine og fortelje historiene sine. Slik kan vi bygge kunnskap og dialog.  Stor takk også til dei to politikarane som nytta ein dag saman med oss i open dialog kring viktige tema.

 

 

 

 

 

 

Tid for saktemat

Lammelår er for mange ein like viktig del av påska som påskekrim, påskeegg, påskeharen og påskelabyrinten. Her kjem tips til påskeklassikaren, kanskje du skal grave den ned?

Ringorm-seminar

Ringorm-seminar

3.mars vart det arrangert ringorm-seminar i Oslo, sjå seminaret på video her.

- Eg ser lyst på beitesesongen

- Eg ser lyst på beitesesongen

Landbruks- og matdepartementet har fastsatt reglar som gjer det mogeleg å bruke ulike typar salt til beitedyra i Nordfjella.

Her underviser Gert Runar elevane

Her underviser Gert Runar elevane

Gert Rune Rørvik underviser på Mo og Øyrane vidaregåande skule, avdeling Mo. For tida har han nettundervisning for elevane grunna koronaviruset. Heimekontoret deler han med borna sine.

Våre samarbeidspartnere