-Når telefonen ringjer og Anders Felde er tråden, er det eit stort engasjement same kva sak det dreier seg om, seier fylkeleiar Per Hilleren. Felde er leiar av Breim Bondelag. Laget har teke mange initiativ og synt eit høgt aktivitetsnivå. -Vi treng å ha lokallaga i ryggen, poengterer Per Hilleren. Han trekk særskild fram krevjande situasjonar, som til dømes brotet i jordbruksforhandlingane i 2012 og dei påfølgjande aksjonane. Breim Bondelag mottok prisen for årets lokallag i Sogn og Fjordane, og fekk med seg ein premie på kr. 5000 attende til lokallaget.

Det vanka og premiering til tre andre lag, som har gjort innsats med vervearbeid og hatt ei fin medlemsutvikling:

Selje- og Stadlandet Bondelag, Olden Bondelag og Vik Bondelag.

-Me håpar desse prisutdelingane kan vere til inspirasjon for andre, avsluttar Per Hilleren.

Fylkesleiar Per Hilleren og nestleiar Marit Flatjord deler ut prisar for beste lag og innsats i medlemsvervinga i 2012