Ola Hedstein

 

- Det har vore ein kjekk dag. Publikum var nyfikne på det eg hadde å seie, dessutan fekk eg inntrykk av at dei var interessert i å lære om eigarskapet i samvirkebedriftene.

Det seier Ola Hedstein, administrerande direktør i Norsk Landbrukssamvirke. Han fortalde om interesseorganisasjonen for 16 bondeeigde samvirkebedrifter i landbruket.

- Me treng aktive bønder som byggjer opp kunnskap og tek eigarskap i bedriftene. 

 

Sjå video her:

https://www.youtube.com/watch?v=-Afd8LLWHFk&feature=youtu.be

 

Hovudbodskap

Delar av publikum

 

- Hovudbodskapen min i dag, var at samvirke treng aktive eigarar.

Kva tilbakemeldingar fekk du på det?

-  Det var god respons. Fleire gav uttrykk for at det var positivt å høyre at det var eigarrollen som var viktig.

 

Lys framtid

Ola Hedstein

 

- Eg tykkjer samvirkebedriftene er omstillingsdyktige som få, bedriftene utviklar seg i takt med tida.

Korleis ser framtida ut?

- Den meinar eg ser god ut.