Førre fredag var SIMAS sin miljøstasjon i Vik open kun for bøndene, og på om lag 4 timar var kontaineren for landbruksplast full.

Vik Bondelag har fått innvilga 30 000 kr i støtte frå kommunen på miljøtilskotsordninga. Desse midlane skal gå til å dekke kontainer for landbruksplast i 2020. - Vi er veldig glade for at vi har fått på plass denne ordninga med kommunen og SIMAS, seier leiar i Vik Bondelag, Turid Haga Vange. Vik kommune er ein av kommunane i Sogn og Fjordane som har kome dårlegast ut etter endringa i henting av plast. Kommunen ligg langt vekke frå innsamlingsstasjonen, og det vert dermed veldig dyrt for kvar enkelt bonde å levere plast. Med støtta frå kommunen har ein fått dekka kostanden for levering ut 2020. Kontaineren står på miljøstasjonen i Vik slik at bøndene kan levere plasten der istadenfor å lage til ein eigen plass for landbruksplast. - Dette er forhåpentlegvis ei midlertidig ordning, vi håpar at ein kan komme fram til ei betre løysing for heile landet i løpet av året, seier Haga Vange.

Haga Vange skryt av bøndene i Vik. - Vi har dei siste åra innarbeidd gode rutiner i landbruket. Bøndene er flinke til å levere plasten etterkvart og dermed slepp ein at plasten reiser på avveger ut i naturen. Med denne ordninga kan vi halde fram med dei gode rutinene, og det er noko som gagnar både bøndene og naturen vår.