STOLTE HEILTIDSBØNDER: Sigurd og Grethe Vikesland.  

 

- Me har 200 geiter og 130 000 liter i disponibel kvote, fortel Sigurd Vikesland. 

Sogn og Fjordane Bondelag besøker paret på fjellgarden Vikesland i Aurland kommune. Det er mektig natur, bratte fjellsider og ein nydeleg utsikt. 

- Den nye fjøsen sto klar i desember 2015. Då utvida me frå 90 til 200 geiter, seier Sigurd. 

 

Ein nydeleg plass å bu

LIGG HØGT:  Garden ligg cirka 500 meter over havet. 

 

- Eg overtok garden 1.januar 2000, fortel han. 

Før det jobba Sigurd på Sogn Jord - og Hagebruksskule. Han vaks opp ved sjøen, men var mykje på Vikesland gard. Der budde både besteforeldre, tanta og onkelen hans.

- Dei fekk ikkje born sjølve, og då var det eg som fekk overta. Livet som bonde på Vikesland er både fint, og fleksibelt. Me styrer mykje av arbeidskvardagen vår sjølv, og trivst godt med det.  

 

Om framtida

MYKJE Å GJERE: Sigurd Vikesland. 

 

- Me har gjort investeringar langt fram i tid. Likevel er me prisgitt det som skjer i politikken framover, og at me får avsetting på geitemjølka. 

Sigurd og Grethe syner Sogn og Fjordane Bondelag rundt i fjøset, og fortel at dei er glade for at dei våga satse. 

- Garden er godt tilrettelagt for geiter, og me har gode dagar her.