Arbeidarpartiet har sett seg gode, overordna mål for landbruket. I sitt partiprogram slår dei fast at dei skal jobbe for matsikkerheit, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og eit bærekraftig landbruk. -Me har tru på at de kan vera med på å bidra til ein god landbrukspolitikk, sa fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Per Hilleren då han utnemnde Bondevener på Sogn og Fjordane Arbeidarparti sitt fylkesårsmøte. Fylkesleiar Nils P. Støyva, stortingsrepresentant Ingrid Heggø og leiar av hovudutvalet for plan og næring, Hilmar Høl, fekk alle Bondevenn T-skjorte. -Politisk vilje for betra rammevilkår er avgjerande om me skal auke produksjonen i distrikta, og oppnå måla i Landbruks- og matmeldinga, presiserte Hilleren ovanfor dei tre venene.

Per Hilleren har tru på at Arbeidarpartiet kan medverke til betre rammevilkår for landbruket.