Per utnemnde vener
Bondeven-kampanjen har starta, og utnemninga av vener er i gong både i lokallaga og på fylkesplan. På Sogn og Fjordane AP sitt fylkesårsmøte nytta Per Hilleren høvet til å synleggjere tre gode Bondevener.
Arbeidarpartiet har sett seg gode, overordna mål for landbruket. I sitt partiprogram slår dei fast at dei skal jobbe for matsikkerheit, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og eit bærekraftig landbruk. -Me har tru på at de kan vera med på å bidra til ein god landbrukspolitikk, sa fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Per Hilleren då han utnemnde Bondevener på Sogn og Fjordane Arbeidarparti sitt fylkesårsmøte. Fylkesleiar Nils P. Støyva, stortingsrepresentant Ingrid Heggø og leiar av hovudutvalet for plan og næring, Hilmar Høl, fekk alle Bondevenn T-skjorte. -Politisk vilje for betra rammevilkår er avgjerande om me skal auke produksjonen i distrikta, og oppnå måla i Landbruks- og matmeldinga, presiserte Hilleren ovanfor dei tre venene.