Noddalsfjorden Bondelag er eitt av tre lag i Flora kommune.  Dei tre laga samarbeider tett gjennom eitt fellesstyre noko som er svært viktig for bondelagsarbeidet i Flora.  - Det er kjekt å kome på lokallagsårsmøte der humøret og debatten er stort, seier Gjengedal.  Usikkerheita kring ny politisk leiing av landet var sjølvsagt også til stades på dette årsmøtet, og nestleiar i laget Jan Arve Midtbø som representerer Venstre i Flora bystyre vart utfordra på å gjere ein jobb i eige parti for å sikre at skadeverknadene av blåblåpolitikk ikkje vert store.

Styret i Norddalsfjord Bondelag ser slik ut etter årsmøtet: Leiar Per Inge Midtbø, nestleiar Jan Arve Midtbø, kasserar.Magnus Andre Sundal,studieleiar.Else Juditt Eikevik,styremedlem Magne Eikevik og 1.vara Stig Asle Midtbø

Bilete frå venstre:Else Juditt Eikevik, Stig Asle Midtbø, Magnus Andre Sundal, Per Inge Midtbø,Jan Arve Midtbø og Magne Eikevik