Med seg i styret får han Kari Sigrun Lysne frå Lærdal, Lidvin Hage frå Utvik, Marit Flatjord frå Stardalen og Nils Magne Gjengedal frå Hyen.  Kari Sigrun er ny i styret og vil med sin kunnskap om grøntnæringa kunne tilføre styret spanande og ny kunnskap.  Geir Ole Ervik tek over plassen som 1. vara til styret etter Bjarte Myren frå Ikjefjorden.

Når nye kjem inn er det samstundes andre som vert takka av.  Fylkesleiaren gav gode ord på vegen til dei som hadde sagt frå seg vidare teneste i fylkeslaget i denne runde, og som seg hør og bør i Bondelaget fekk dei både gåver og ein heimesnekra song med på vegen.

 Dei som er att i fylkesstyret takkar dei fire som trer ut av sine posisjonar. F.v.: Marit Flatjord, Nils Magne Gjengedal, Per Hilleren, Lidvin Hage, Jon Asbjørn Målsnes, Elin Haugen, Bjarte Myren og Margunn Bjørkelo.

 

Styret i Sogn og Fjordane Bondelag 2013/2014: F.v.: Styremedlem Nils Magne Gjengedal, styremedlem Kari Sigrun Lysne, Fylkesleiar Per Hilleren, nestleiar: Marit Flatjord, styremedlem Lidvin Olav Hage, 2. vara til styret Linda Kristin Oppedal og 3. vara til styret Ole-Ivar Åm Sognnes.