Leiaren i Balestrand Bondelag, Renate Rendedal fann det, sin unge alder til tross, nyttig å få betre innsikt i korleis pensjonskvardagen som sjølvstendig næringsdrivande kan bli.- Sjølv om eg håpar å ha meir enn 30 år att i arbeidslivet før eg når pensjonsalderen, så var det svært informativt og oppklarande å høyre på Oddvar Fimreite frå Sparebanken Sogn og Fjordane/Gjensidige, held Rendedal fram.    Fimreite fortalde om pensjonsreforma og synleggjorde pensjonsordningar for sjølvstendig næringsdrivande.  Verkeleg eit tema eg kan anbefale andre lokale bondelag om å setje på dagsorden ved høve, seier den engasjerte lokallagsleiaren som fekk fornya tillit som leiar i Balestrand Bondelag.    - Sjølv om pensjonsalderen kan vere langt unna, er eg overtydd om at det vil vere viktig å starte planlegging og sparing allereie i ung alder om mogleg, avsluttar Rendedal.