STYREMEDLEM I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Nils Magne Gjengedal.

 

- Korona-situasjonen er alvorleg for pelsdyrnæringa, seier Nils Magne Gjengedal.

Han fortel at næringa er internasjonal, og at i vårt område er det kun ein salstad i Finnland og ein i Danmark.

- Grunna koronakrisa får ein ikkje selt skinn, noko som gjer at sesongen blir vanskeleg. Pelsdyrbøndene startar snart opp ein ny avlssesong, og då treng dei pengar til fôr. Den neste realistiske sjansen til å reise på skinnauksjon er i september, men eg fryktar at også den vert avlyst.

 

God erfraring med pelsdyr

- Eg vaks opp med pelsdyr. Eg og kona mi tok over pelsdyrgarden rundt år 2000, og hadde den fram til 2015.

Gjengedal forklarar at rundt år 2015 var ei usikker tid, som gjorde at dei valde å avvikle drifta. Sjølv om han ikkje lenger var pelsdyr-bonde, var han framleis aktiv i næringa.

- Eg utdanna med som inseminør av rev i 1985, og eg har inseminert revar kvart år sidan. Det blir 36 sesongar, så eg har jobba med pelsdyr heile mitt vaksne liv.

Han minnast at det var travelet i starten, og at han hadde Hyen i Gloppen kommune som sitt ansvarsområde.

- På den tida var det 10 oppdrettarar i Hyen, i år var det berre ein att i mitt område.

 

Bekymra

- Pelsdyrbøndene er i ein krevande situasjon for tida. Dei kjem ikkje inn under krisepakkane frå Regjeringa på ein god nok måte.

Gjengedal tykkjer det er trist at ei så god næring for distrikta snart vert tvangsnedlagt. Han fortel om ei næring med tillitsfulle dyr med godt lynne. Produkta frå næringa var også reine, som står står seg over tid.

- Det er Stortinget som har bestemt, og det må me leve med. Eg tykkjer likevel dei kunne fått meir hjelp i den krevande korona-situasjonen dei står i akkurat no.