Nedanfor kan du lese heile lesarinnlegget :

I 2017 meinte Høgre, Frp og Krf at dyrevelferda på pelsdyrgardane var god og stemte i Stortinget for pelsdyrhald i Noreg.   Med fleirtal i Stortinget for framleis pelsdyrhald har næringa innretta seg etter dette vedtaket.  I 2019 meiner nok dei same partia at dyrevelferda i norske pelsdyrgardar er like god, men forhandla utanfor Stortinget vekk stortingsfleirtalet for å styrke sitt eige maktgrunnlag og for å styrke sin eigen politiske posisjon. Høgre og Frp forhandla frå ei mindretalsregjering til ei fleirtalsregjering. Krf forhandla for i det heile å kunne kome i regjeringsposisjon. Pelsdyrnæringa vart altså ikkje lagt ned grunna dyrevelferd, med for å styrke Høgre, Frp og Krf politisk! Altså eit reint maktmisbruk av det slaget ein ser i dei deler av verda der det er eit autoritært styresett. Det er ikkje naudsynt å kome med konkrete eksempel, men i land utan demokratiske tradisjonar er det ikkje ukjent at styresmaktene eller øverste leiar legg tunge byrder på folket, eller på delar av folket, for å styrke eller halde på sitt eige maktgrunnlag. No har vi sett det same i demokratiske Noreg, og det er sjølvsagt ikkje slik vi skal ha det. 

 Konsekvensane av denne politiske styrkinga er at staten vert erstatningsrettsleg ansvarleg ovanfor pelsdyrnæringa grunna det påfylgjande og avtalte vedtaket i Stortinget om nedlegging! Høgre, Frp og Krf prøver no å avgrense erstatningsansvaret med å hevde at alminneleg prinsipp for erstatningsrett ikkje gjeld i dette tilfelle, samt å foreslå ei kompensasjonsordning som er heilt vilkårleg i forhold til det tapet kvar næringsdrivande vil få! Begge deler er heilt uhaldbart i relasjon til demokratiske og rettsleg prinsipp. Maktmisbruket vert og større til mindre erstatninga vert. Ei anna næring enn pelsdyrnæringa hadde neppe blitt handsama på denne måten, men dei same demokrati- og rettsprinsippa gjeld uansett om ein er for eller mot pelsdyrhald. Om det samla tilbodet på erstatning er 600 millionar kroner eller 840 millionar kroner er irrelevant. Erstatning skal utmålast konkret for kvar enkelt næringsdrivande etter gjeldande erstatnings- og utmålingsprinsipp, ikkje etter skadevoldar sitt frie skjønn samla for alle. Det vil seie at alle pelsdyrbøndene som vert råka av vedtaket om nedlegging har krav på full økonomisk erstatning for alt økonomisk tap i samband med avviklinga av pelsdyrhaldet. Heldigvis har vi i det siste sett teikn til at blå stortingsrepresentantar har oppdaga kva som er gjeldande  jus og god Høgrepolitikk og ikkje lenger let seg styre av maktmisbruket frå den politiske leiinga.

 Underteikna har to krav utover det at flest muleg må snu i saka: 1; Justisdepartementet tek ei ny vurdering av alle aspekt kring nedleggingsvedtaket, inkludert om politiske parti i regjeringsforhandlingar har fri anledning til å påføre staten erstatningsansvar. 2. Pelsdyrbøndene skal ha full erstatning for alle økonomisk tap som fylgjer av vedtaket om nedlegging. 

Arne Frode Øvreseth, leiar i Breim Bondelag