Styremedlem i Norges Bondelag, Einar Frogner kjem til Skei og skal innleie om korleis lokallaga kan arbeide aktivt med kunnskapsbygging om landbrukspolitikk hos politikarar og andre.Stang og Sanne-Gundersen er utfordra på å seie noko om landbruket sin plass i næringsbiletet og mediebiletet i fylket.    - Eg ser fram til å høyre korleis desse to karane vil svare på oppdraget.  Ikkje minst er eg spent på om dei greier å provosere fram ein god og open debatt i møtet, held Hilleren fram.

Leiarmøtet vert dette året gjennomført måndag den 1. oktober på Skei Hotell.  Omlag 50 deltakarar er venta frå lokallaga til møtet. Frå Norges Bondelag vil styremedlem Einar Frogner og assisterande næringspolitisk sjef Anne Thorine Lundstein delta.  Hilleren ser fram til leiarmøtet og vonar på ein god dialog kring arbeidsoppgåvene for lokallaga den komande vinteren.

Program for leiarmøtet