Vervekampanjen var lagt opp i tilknytning til Norges Bondelag sin landsdekkande vervekampanje "Tørre og Spørre", hausten 2012, der Norges Bondelag sette mål om eit vist tal nye medlemmer i fylka med grunnlag i noverande medlemstal og ein planlagd medlemsauke.

Planleggingsmøte før vervinga på Vik Meieri, sjølvsagt med gamalost på bordet

- Lidvin Hage, fylkesstyremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag som deltok på vervinga, meiner dette er ein effektiv og god men ressurskrevjande måte å verve medlemmer på, der ein oppnår direkte dialog med den potensielle medlem og kan avklare medlemskapet der og då.

Lokallaget set først opp namneliste på potensielle medlemmer og sender fylkeslaget. Fylkeslaget og lokallaget bestemmer så tidspunkt for verving. Fylkeslaget sender brev til potensielle medlemmer med gode ord om bondelaget, dato for vervinga og informasjonsbrosjyre om fordelar ved medlemskapet. Vervinga vert så gjennomført der ein representant frå fylkeslaget og ein frå lokallaget oppsøkjer den potesielle for dialog og verving.

- Ein når dei fleste på vervelista heime, anten i fjøsdøra eller ved kjøkkenbordet, når ein tek dag og kveld til bruk. Dei som ein ikkje treff heime kontaktar ein over telefon i ettertid med informasjon og verving, seier Hage.

Verveutvalet prioriterer årleg 2-4 slike vervkampanjar i samarbeid med lokallaga i fylket, der ein erfarer at den potensielle medlem opplever at bondelaget gjev han positiv merksemnd, informasjon og service, noko som også gjev resultat. 8 nye medlemmer vart det i Vik Bondelag i samband med vervekampanjen og det gledelege var at alle hadde jordbruksproduksjon, seier Lidvin Hage.