FRÅ VENSTRE: Ivar Slinde (Fruktbonde), Jon Asbjørn Målsnes (Frukt/bærbonde og venstremann), Sveinung Rotevatn (Venstre) og Kari Sigrun Lysne (Styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag).

 

- Dialogen var god, seier Anders Felde.

Fylkesleiaren i Sogn og Fjordane Bondelag fortel at hovudfokuset var å syne fram næringa, og at det var ein positiv tone gjennom dagen.

Turen starta med omvising, plukking og smaking i frukthagen til Ivar Slinde som driv både med plommer, eple og pærer. 

- Sveinung Rotevatn sa han ville lære meir om utfordringane til næringa, det fekk han. Me diskuterte mellom anna endringa i konsesjonslova. Fram til no har grensa vore på 25 dekar, men Regjeringa legg opp til å endre den til 35. Forslaget er ute til høyring no. 

 

- Unikt samarbeid

 

FRÅ VENSTRE: Kari Sigrun Lysne, Jon Asbjørn Målsnes, Stein Harald Hjeltnes (dagleg leiar på Njøs næringsutvikling) og Sveinung Rotevatn.

 

- Me besøkte også Njøs Frukt og Bærsenter. Dei har eit nært samarbeid med ulike partar, eg vil kalle det unikt.  

Næringsklyngja på Njøs samarbeider mellom anna med Graminor og Norsk landbruksrådgjeving for å utvikle frukt og bærnæringa i fylket. 

- Me fekk høyre om prosjektet "Nye norske pærer". Det har blitt utvikla ein ny pæresort kalla Celina. Det er kjekt at marknaden vert utvikla med nye sortar. 

 

Omvising hjå Sognefrukt SA

FRÅ VENSTRE: Trude Risnes (Venstre), Sveinung Rotevatn, Jens Terje Hammervoll (dagleg leiar i Sognefrukt), Ivar Slinde og Jon Asbjørn Målsnes.

 

Frukt og bær lager/mottak har ei heilt sentral rolle for bøndene.  Hjå Sognefrukt SA sto omvising og diskusjon, kring fellesskapsløysingar for bøndene, på programmet. 

- Det var interessant. Dette har vore ein kjekk og lærerik dag.